Eg vaks opp på Sunnmøre med alpinski på beina, men måtte lære meg å gå på langrenn då eg måtte flytte til Oslo. Eg har alltid vore fascinert av lange turar og alt det inneber, men som ein smått rastlaus «adrenalinjunkie» var eg usikker på om eg hadde tolmod til å gå på ski. Kunne eg, som var van med fart og aktivitet rundt meg, handtere noko som framstår som så… roleg?
Det var plutsleg ingen veg tilbake. Dei siste åra har eg brukt det meste av feriane vinterstid på å lufte pulk og ski, og i takt med auka kunnskap og erfaring har turane blitt lengre og lengre.
Den første ordentlege langturen min var over Grønland, og då eg nådde austkysten var første tanken litt antiklimatisk: «hæ? Var dette alt..?»
Eg hadde rett og slett hatt det for fint på tur. Langt finare enn eg hadde forventa.
Sidan har eg gått både til Sydpolen (Messnerruta) og tur/retur Nordvestpassasjen, i tillegg til Jostedalsbreen, Hardangervidda og fleire turar over Finnmarksvidda. Framover drøymer eg om fleire og større turar i arktiske strøk – nokre av dei vil garantert bli ei skikkeleg prøve, både fysisk og psykisk.